SYSTEMDEKLARASJON FOR
Einar Hyldmo og Ivar Berg

6 Åpning 2 ¨ –
Woodgroves multi
7 Åpning 2 NT (med puppet stayman)
Åpningane
baserer seg på SAYC (Standard American Yellow Card), med unntak for den svake
granden og multi 2 ¨. På to måtar skil vidare
meldingar seg frå SAYC; det er at vi pga. den svake grandåpninga lyt gjera
nokre krumspring for å få vist slike hender så fort som mogleg, samt meldingar
etter åpning 1 ©ª. Dei siste er mykje inspirerte av
“2 over
1 § = 9-22 hp, minst 2-kortsfarge.
1 ¨ = 9-22 hp, minst 4-kortsfarge.
1 ©ª = 9-21 hp, minst 5-kortsfarge.
1 NT = 11-14
hp, alle 5332/4432/4333-hender, unntaksvis 5422/6322
2 § = 22+ jamn hand/
4 taparar
med major/
3 taparar
med minor.
2 ¨ = Woodgroves multi (svak
5-korts major/utg.krav med minor/grand).
2 ©ª = 6-9 hp, 7-8 taparar
6-kortsfarge, minst ein topphonnør.
2 NT = 20-21
hp, alle 5332/4432/4333-hender.
3 x = Tynne
sperremeldingar
3 NT = Gåande
7-korts minorfarge, ikkje sidestikk (maks Q).
4 §¨ = Svært sterk major, minst 8
spelestikk.
4 ©ª = Sperr
4 NT = Spør
etter spesifikke ess.
5 §¨ = Sperr
5 ©ª = 11 stikk, manglar to
topphonnørar i trumf (høgfrekvent).
Sperreåpningar
er i prinsippet etter 4-3-2-regelen (reknar 4 stikk på makker i gunstig sone, 3
i lik og 2 i ugunstig), men det tar vi lett på. Det meste er lov, spesielt med
minorfarger, men åpnar tek ansvaret for feil kontrakt. Vi alerterer ikkje, så
det bør ikkje skli heilt ut (berre nesten!).
Kortvurdering
baserer seg dels på gammaldags honnørpoengrekning (i åpning), men –spesielt når
vi støttar makker – mest på LTC (Losing Trick Count). Dette påverkar krava til
åpning, med maks 7 taparar kan ein åpne på 9-10 hp, viss ein har 5-4/5-5/6-4
eller liknande fordeling. Antal kort i dei to lengste fargane pluss antal
honnørpoeng må alltid vera minst 18, elles blir systemet sterkt kunstig!
I
konkurransesituasjonar brukar vi Loven om totalt antal stikk, og skil derfor
mellom 3- og 4-korts støtte til makker i somme situasjonar, samt brukar
support-doblingar når motparten prøver å forstyrre.
1 § er naudmelding der vi ikkje har
noko anna, så den kan vera på 2-kortsfarge. Pga. svak grand, som gjer at åpnar
ofte har ein 15-17-grand, må svarhanda halde oppe på ca. 5 hp. Generell
svarstruktur:
1 § – ?
1 ny = 5+
hp, minst 4-kortsfarge.
1 NT = 6-10.
Åpnar melder 2 NT med 15-17, så vi må tåle det.
2 § = Omvendt minorstøtte, (10)11+
hp, minst 4-kortsstøtte, rundekrav.
2 ny = Sterke
hopp, einfargehand med 16+ hp. Åpnar kan støtte med Hx.
2 NT = 11-13.
Invitt med jamn hand, utan major. Hold i alle fargar, elles 2 §.
3 § = Sperr med minst 5-kortsfarge.
3 ny = Renons,
sleminvitt.
3 NT = 14-16
hp, jamn hand, ingen major.
4 § = Sperr, minst 6-kortsfarge
(eigentleg iallfall…).
4 ©ª = Spelemelding med brukbar
7-kortsfarge utan sidestyrke.
Med ruter
går det likt, med desse unntaka:
1 ¨ – 2 § = 11+ hp, minst 4-kortsfarge.
1 ¨ – 3 § = Sterkt hopp.
1 ¨ – 4 § = Renons, sleminvitt.
Prinsippa
er slik:
1 ¨ – 2 ¨; ?
2 ©ª = 16+ hp, utg.krav,
5-4-fordeling (4441).
2 NT = 15-17-grand.
3 § = Som 2 ©ª.
3 ¨ = Ubalansert minimumshand,
minst 5-kort (viss ikkje 4441).
3 ©ª = Renons. Ny farge frå
svarhanda er singel, 3 NT sleminvitt utan singel.
3 NT = 18-19-grand. Ny farge frå
svarhanda er singel og sleminvitt, 4 ¨
balansert sleminvitt.
4 § = Som 3 ©ª. Ny farge frå svarhanda er
singel, 3 ¨ balansert.
Med
kløver brukar vi 2 ¨ til å skilje mellom grandhender
med og utan ekte kløverfarge. 3 ¨ blir
sterkt med sidefarge, og 4 ¨ renons.
2 ¨ = grandhand (15-19) med 2
eller 3 kløver. Viss svarhanda sklir med ein 3-korts major viser 2 NT 15-17
og 3 NT 18-19.
Etter dei
svara der det ikkje er oppgjeve noko anna, viser 2 NT frå svarhanda 11-13 hp
med minst ein open farge (ny farge frå åpnar viser hold), medan ny farge er
haldvisande og 13+ hp. Hopp i ny farge er singel.
Hopp til
3, som er svakt, blir det sjeldan gjort noko med, men eit aktuelt spørsmål er
kva åpnar skal gjera med ein 18-19-grand. Normalt er det vel rett å passe, men
det kjem av på korta. Med t.d. 4 kløver med AK kan ein rekne 5 stikk der, noko
som hjelp ein del, men vurder frå gong til gong. Ny farge på 3-trinnet viser
hold og siktar mot 3 NT, med berre møl seier svarhanda 4 §¨.
Med
sterke fordelingshender (4-5 taparar) melder vi utgang eller inviterer med 4 §¨.
Det er
viktig å få vist 15-17-granden så fort som mogleg, så vi har nokre uvanlege
meldingar på 1-trinnet, bl.a. ein utvida Walsh-konvensjon:
Etter 1 §¨ – 1 ¨© viser 1 ©ª frå åpnar 5-4. 1 NT kan innehalde
umeldt major.
Dette
inneber at svarhanda etter åpning 1 §
berre melder 1 ¨ med ruter+major når ho er sterk
nok til å krevje til utgang, da ho kan krevje med 2 § etter grandsvaret (sjå Checkback
Stayman). Vi kan miste nokre 4-4-tilpasser i spar når det går 1 §¨ – 1 ©; 1 NT, men er ikkje verre ute enn
dei andre, som åpnar med 1 NT.
Med
18-19-grand hoppar vi i grand ved første høve, så framt vi ikkje kan støtte
makker. Vidare meldingar er naturlege, alt bortsett frå 3 i fargen åt åpnaren
(berre etter ruteråpning) og gjenmelding av eigen farge er utgangskrav. 3 § er konvensjonelt krav
(Checkback), normalt ei jamn hand utan noka god melding, eller innleiing til
ein sleminvitt i kløver (4 § er Gerber).
Støtte
til makker skjer hovudsakleg etter LTC-prinsippet, slik:
Enkel
støtte (1 ¨ – 1 ª; 2 ª): 7 taparar, kan vera på 3-kort (5431). Dermed
blir 2 NT frå svarhanda invitt med 4-kortsfarge, 3 i fargen åt åpnaren forslag
til kontrakt med 4-kort (åpnar korrigerer med 4-kortsstøtte), medan andre
meldingar er positive trial-bids med
5-kortsfarge (i den først meldte altså). Etter trialbids er 3 i fargen
avslag, ny farge viser tillegg og singelton og NT så lågt som mogleg tillegg og
jamn hand.
Støtte
med hopp (1 ¨ – 1 ª; 3 ª): 6 taparar, alltid 4-kortsstøtte. Ny farge
frå svarhanda er singel, 3 NT balansert sleminvitt.
Støtte
med dobbelhopp (berre major) (1 ¨ – 1 ª; 4 ª): 5 taparar, ingen singelton, ca. 17-19 hp.
Ny farge frå svarhanda er cuebid.
Dobbelt
hopp i ny farge: Singel/renons, 5 taparar. Ny farge frå svarhanda er cuebid.
Som nemnt
i 2.2 viser gjenmelding av ny farge på 1-trinnet 5-4-fordeling, og kan vera
ganske sterkt, så svarhanda passar ikkje med kliss minimum og tilpass.
Gjenmelding av fargen er maks 15 hp, 6-7 taparar og enten 6+-kortsfarge eller
5-4-fordeling der ein ikkje kan melde 4-kortsfargen på 1-trinnet.
Revers
viser 5-4-fordeling og 16+ hp. Kan vera på 6 taparar, men svarhanda forventar
5. Hopprevers, t.d. 1 § – 1 ©; 2 ª er krav til utgang. Det viser 5-4 og ca. 19+
hp. På same måte er òg hopp i ny farge krav til utgang. Dette kan vera på 4-kortsfarge.
Båe desse utgangskrevjande meldingane er på maks 5 taparar.
Etter
åpning, svar på 1-trinnet og gjenmelding 1 NT frå åpnar brukar vi 2 § som Checkback Stayman, dvs. minst
invitt til utgang. Farge på 2-trinnet er svakt, og søkjer beste delkontrakt,
medan hopp til 3-trinnet er invitt med skeiv utspreinad.
Etter 2 § melder åpner i prinsippet
naturleg, og første prioritet er å vise 3-kortsstøtte til svarhanda, unnteke
etter kløveråpning, da 2 ¨ viser 2- eller 3-korts kløver. Andre meldingar
lovar ekte kløver. Etter andre åpningar (1 ¨, 1 ©) viser 2 ¨ ei minimumshand utan støtte og
utan andre fargar. Meldingar med hopp lover tillegg, utan hopp minimum.
Viss
svarhanda gjenmelder egen farge utan hopp er det svært svakt med 6-kortsfarge,
medan gjenmelding med hopp er 6-korts og utgangsinvitt.
Støtte av
åpnars andre farge skjer på same måte som elles, med enkel støtte på 9 taparar,
høyning med hopp på 8 taparar og hopp til utgang på 7 taparar. Unødvendige hopp
i ny farge er sleminvitt med åpnars andre farge som trumf, svarhanda har da
maks 6 taparar.
Går vi
tilbake til åpnars farge så billeg som mogleg er det svak preferens, med hopp
invitt.
Principle
of fast arrival gjeld, så der det er krevd til utgang er hopp til utgang
svakere enn enkel støtte.
Fjerde
farge er krav til utgang (ikkje 1 ª),
eller ei rein ventemelding der det er krevd til utgang. Etter revers er fjerde
farge i utgangspunktet naturleg. Hopp i 4. farge viser 5-5-fordeling og er
invitt; ikkje krav.
Etter
opplysande dobling i andre hand blir det nokre få endringar:
Enkelt
hopp i ny farge er sperr med 6-kortsfarge og <9 hp. Åpnar inviterer dersom
han er sterk.
Omvendt
minorhøyning går ut, og inn kjem redobling, som viser 10+ hp, nokolunde jamn
hand og interesse for å straffedoble motparten. Ny farge er enno krav. Dobbelt
hopp i ny farge er renons og trumfstøtte.
Etter
svar 1 ©ª frå makker og dobling av
mellomhanda, viser XX tre kort i makkers farge, støtte viser fire, og alt anna
to kort. Alle desse meldingane skal alerterast.
Vi brukar
negative doblinger tom. 2 ª inn, over høgre innmeldingar
viser dobling litt kort, men lovar ingen farge. Kravpass opp til 2 i
åpningsfargen. Etter innmeldingar som Michaels og Marmic viser dobling
interesse for å doble motparten i minst ein av fargane deira, medan melding av
vist farge er krav med sterke kort. Dette gjeld både åpnar og svarhand.
Etter
innmelding 1 © viser X ca. 6-10 hp utan
4-korts spar (melder 1 ª), hold i innmeldingsfargen
(melder NT) eller 4-korts støtte til åpningsfargen (berre etter 1 ¨, da støttar vi). Etter 1 § – (1 ¨) viser dobling 4-4 i major, med
skeivere hand eller berre ein farge melder vi. Vidare meldingar mest mogleg som
elles, men åpnar kan no overmelde som sterkt krav; denne meldinga spør i første
omgang etter hold/fordeling.
Etter
innmelding 1 ª viser dobling 4 hjarter og
begrensa hand, eller 5+ hjarter og <10/11 hp. 2 over 1 bør vise minst 10 hp.
Overmelding
tak plassen til den omvendte minorhøyninga, og viser god trumfstøtte og minst
invitt.
Etter P i
andre hand, ny farge frå makker og innmelding i tredje hand er X støttedobling,
og viser eksakt tre kort i makkers farge. Støtte viser 4 kort, og alt anna maks
to kort. Når vi kunne støtta til 2 seier ikkje meldinga noko om styrken, men på
høgre nivå bør åpnar ha noko tillegg.
Ettersom
vi må passe med styrke i innmeldingsfargen, prøver svarhanda å halde opp med ei
dobling dersom det går to passer.
Etter 1
NT inn er dobling forslag til straff, medan ny farge er minst 5-korts og svakt,
ikkje krav.
1 © – ?
1 ª = 5+ hp, minst 4-kortsfarge.
1 NT = 6-11
hp, rundekrav.
2 §¨ = 11+ hp, minst 4-kortsfarge.
2 © = 7-10 hp, 3-kortsstøtte,
konstruktiv høyning. 8-9 taparar/2-3 dekkort.
2 ª = Sterkt hopp (som over 1 §¨).
2 NT = Jacoby
2 NT, utgangskrav med 4+ trumf utan renons.
3 § = 7-10 hp, invitt med
4-kortsstøtte. 8 taparar/3 dekkort.
3 ¨ = 9-12 hp, invitt med jamn
hand og 4-kortsstøtte. 3 dekkort.
3 © = 0-6 hp, sperr med
4-kortsfarge.
3 ª = Renons, sleminvitt i ©. Maks (7)6 taparar.
3 NT = 13-15
hp, balansert med 3 © og stoppere i sidefargene.
4 §¨ = Som 3 ª.
4 © = Sperr, 5-korts
hjarter/7-tapershand som ikkje passer til noko anna.
4 NT = RKCB
Dei
opplista krava til taparar er svært omtrentlege, vi må ta litt omsyn til
generell styrke òg (elles har dei lett for mange toppkort).
Grandsvaret
er rundekrav (men ikkje etter innmelding), og åpnar melder naturleg: Hopp til 3
er utgangskrav, revers (2 ª) nesten det same, 2 NT er
(16)17-18-grand, 3 NT 19/6322 med sterk farge og bortimot 20 hp. 2 i
åpningsfargen viser 6-kort, så med 5-4 i ©-ª
lyt åpnar melde den beste minoren sin (kan vera 2-kort med 5422). 2 §¨ skal altså alerterast. No er ny
farge frå svarhanda svakt med minst 5-kortsfarge. 2 i åpningsfargen er enten
svak preferens eller 3-kortsstøtte og for svak til å støtte direkte. Hopp i
åpningsfargen er invitt med 3-kortsstøtte, og hopp til utgang viser på same
måte 3-kortsstøtte. 2 NT er invitt med 11-13 hp utan støtte til åpningsfargen.
Enkel
høyning er 3-kort, og mild invitt. Med 6 taparar melder åpnar ny farge som
positivt trial-bid, mens høyning til 3 er sperr med 6-kortsfarge. Med
15-17-grand melder han 2 NT. Hopp i ny farge (1 © – 2 ©; 4 §) er sleminvitt med renons. Med
andre sleminvittar startar ein med eit trial-bid, og fortset med ny farge som
cuebid.
Med
4-kortsstøtte skal vi etter Loven komma oss til 3-trinnet så fort som mogleg,
og derfor brukar vi Bergen Raises; 3 §¨ viser 4-kortsstøtte og
invitthender, der 3 ¨ er sterkast på honnørpoeng. Men,
denne meldinga viser jamn hand utan steleverdiar, og ofte dårlege honnørar.
Etter 3 § melder åpnar ny farge som
positivt trial-bid med 6- taparar, og 3 i åpningsfargen med 7 taparar. Hopp i
ny farge er renons, med andre sleminvittar startar ein med eit trial-bid.
Etter 3 ¨ melder åpnar utgang med 6
taparar, kontrollmelder med 5 og slår av i 3 i åpningsfargen med 7. Alle nye
farger er cue, 3 NT viser 18-19-grand (vi kan jo “haie” litt å passe ut
denne!).
Hopp til
4 viser normalt 5-kortsfarge, samtidig som meldaren ikkje har åpningsstyrke.
Men pga. av at 3 ¨ skal vera jamn må du av og til
hoppe ut på 4-kortsfarge. Dette gjeld hender med 7 taparar, men som er for
svake til 2 NT.
Vi tek med
Jacoby 2 NT her. Hopp til 2 NT er utgangskrav med 4-kortsstøtte og ca.
12+ hp. Ein kan kje ha renons, da dobbelhoppar ein i ny farge. Svar:
1 ©ª – 2 NT; ?
3 ny = Singel.
No er ny farge frå svarhanda singel, det billegste av trumf og 3 NT er
balansert sleminvitt (maks 6 taparar). 4 ©ª viser minimum (7 taparar).
3 ©ª = 18+ hp, balansert. Ny farge
er singel, 3 NT balansert slminvitt.
3 NT = 15-17-grand.
Ny farge er vanleg cuebid, ikkje plass til singelvising.
4 ny = Renons.
Ny farge er cuebid.
4 ©ª = Balansert minimum. Ny farge
er cuebid.
1 © – 1 ª: Vi melder svært naturleg,
omtrent som etter minoråpning. 1 NT er 15-17-grand, støttar på vanleg vis, og
gjenmelder åpningsfargen med 6-kortsfarge utan sidefarge. Hopp i ny farge er
utgangskrav, kan vera på 4-kortsfarge, og blir ca. 18+ hp og 5 taparar. Ny
farge på 2-trinnet viser minst 5-4 og 9-18 hp (det blir spennande!).
“Spesielle” meldingar er 3 NT = 17-19 hp og god 6-korts åpningsfarge, og hopp
til 4 i åpningsfargen, som viser lang farge, ikkje sterk nok til 2 §-åpning og for sterk (spredte
honnører) til 4 §¨-åpning.
Etter 1 © – 1 ª; 1 NT brukar vi Checkback Stayman
med litt spesielle svar: 2 ¨©ª viser minimum med dobbelton i
fargen under den meldte (melder nedafrå), medan 2 NT/3§¨ viser dobbelton i fargen over
den meldte..
1 ©ª – 2 §¨©: 2 over 1 lover alltid minst ei
melding til, og svara er normale. Gjenmelding 2 NT viser 15-17-grand, 3 NT
18-19. Hopp til 3 (1 ª – 2 §; 3 ¨) viser 5-5-fordeling og 16+ hp, dvs. at ny
farge på 2-trinnet er ubegrensa på styrken. Ny farge på 3-trinnet utan hopp (1 © – 2 ¨; 3 §) viser 16+ hp, minst 5-4-fordeling og er
utgangskrav.
Gjenmelding
av åpningsfargen viser enten minst 6-kortsfarge eller 5-4-fordeling utan styrke
til å vise den andre fargen (har spar eller må på 3-trinnet med minoren).
Når åpnar
støttar til 3 §¨ er 3
i åpningsfargen sleminvitt! Skal vi stoppe under utgang (sjelden) må svarhanda
passe eller høyne til 4 §¨.
Vidare
gjeld dei same prinsippa som etter minoråpning.
Etter dobling
kan ein bruke alle konvensjonar; 1 NT er krav og 3 §¨ er Bergen. Den eineste
forskjellen er at hopp til 2 ª over hjerteråpning er sperr,
medan redobling viser 10+ hp og jamn hand.
Etter 1 © – (P) – 1 ª – (X) viser XX frå åpnar tre
spar, støtte fire spar og andre meldingar to spar. Har vi tenkt å straffedoble
motparten starter vi forsiktig med pass, så blir det vanskelegare for dei å
vurdere kva dei skal gjera (har åpnar 9 eller 19 hp?).
Etter
innmelding er alle konvensjonar av, og vi får nøye oss med meir eller mindre
naturlege metodar.
Dobling
av innmelding tom. 2 ª er negativ, av høgare
styrkevisande. Etter innmelding 1 ª
viser dobling 4-4 i minor, etter 2 ©
eller høgare majorinnmeldingar treng ein ikkje ha 4-4, men har iallfall styrke
til å kjempe vidare. Etter minorinnmelding viser vi minst 4 i den umeldte
majorfargen (moglege unntak på 3-trinnet med ”umoglege” hender). Dersom neste
hand høynar viser dobling frå åpnar tillegg og normalt litt i makkers farge
(eit slag støttedobling).
Ny farge
er naturleg krav, på 2-trinnet ca. 10+ hp og 5-kortsfarge.
Direkte
støtte av åpningsfargen til 2-trinnet viser trekortsstøtte, og kan vera svakare
enn utan innmelding. 2 NT er framleis Jacoby. Overmelding av innmeldingsfargen
er anten ei invitthand eller utgangskrav med trekortsstøtte. Utganskravet viser
vi med eit cuebid (eller høyning av 3 ©ª til 4 viss mogleg, da blir
direkte cue litt sterkare) i neste runde. Overmelding på 4-trinnet (etter
innhopp) er cuebid, i nauden med trekortsstøtte.
Støtte av
åpningsfargen med hopp er framleis sperr. Med somme balanserte hender kan du
doble først og så støtte som invitt.
Dersom
innmeldinga kjem i 4. hand etter at svarhanda meldte ny farge er dobling
support som etter minoråpning.
2 § = Stayman. Åpnar melder 2 © med båe majorfargene, 2 ¨ utan major.
2 ¨© = Overføringar til hjarter
respektive spar.
2 ª = Sign-off eller sterkare med
kløver, eller utgangskrav med båe minor.
2 NT = Naturleg
invitt.
3 § = Sign-off eller utgangskrav(+)
med ruter.
3 ¨ = Invitthand med ruter.
3 ©ª = Sleminvitt med 5-kortsfarge.
Åpnar slår av med 3 NT/4 ©ª.
4 § = Gerber.
4 ¨© = Texas.
4 NT = Kvantitativt.
1 NT – 2 §; 2 ¨ (Ingen 4/5-korts major)
No er 2 © svakt, og ber åpnar velje major.
2 ª viser
5-korts spar, 4-korts hjarter og invittstyrke (ikkje krav). Med same fordeling,
men sterkare, startar vi med overføring. 2 NT er naturleg invitt, medan
meldingar på 3-trinnet viser hold utan hold i fargar som er hoppa over (følgjer
cuebid-prinsipp). Desse meldingane er krav til utgang, så finn vi ut at ein
farge er åpen får vi finne oss ein minor å spela i.
1 NT – 2 §; 2 ©ª (4/5-kortsfarge).
Etter 2 © er 2 ª naturleg krav med 4-kortsfarge.
Uten spar melder åpnar 2 NT med 11-12 hp, og 3 NT med 13-14. Med spar støttar
han, melder eventuelt honnørar på 3-trinnet med maks.
3 § er krav etter båe meldingane,
åpnar melder opp att fargen med 5-kort, medan andre meldingar er naturlege og
viser 4-kort. 3 NT viser 4333 eller 4432 med kløver.
Enkel
høyning er invitt, hopp i ny farge er cuebid. Hopp til 4 NT er kvantitativt,
skal ein bruke RKCB må ein kontrollmelde først.
Åpnar
melder normalt 2 ©ª, men
med 4-kortsstøtte går han til 3. Utan tillegg melder han 3 ©ª, med tillegg farge med honnørar.
No er ny farge frå svarhanda cuebid, 3 ©ª svakt og hopp til 4©ª stopp. Etter 1 NT – 2 ¨©; 2 ©ª melder svarhanda:
2 NT = Invitt
med 5-kortsfarge, 5422 med honnørar i kortfargene eller 5332.
3 §¨ = 4-korts, minst invitt. Krav.
Åpnar slår av i 3 ©ª eller 4 §¨. 3 NT eller utgang i farge med
tillegg.
3 © = 4-korts, krav til utgang.
Sterkare enn å gå om 2 §. Naturleg vidare.
3 ©ª = Invitt til 4 med
sekskortsfarge.
3 NT = 5-3-3-2,
vel utgang.
Hopp i ny
= Splinter
(sekskortsfarge).
4 ©ª = 6-3-2-2/7-2-2-2, sleminvitt.
Åpnar aksepterer med eit cuebid eller 4 NT.
4 NT = RKCB
med fargen som trumf.
Overføringar
på 4-trinnet, kalt Texas, brukar vi med hender som vil til utgang, men med null
sleminteresse.
Over 2 ª melder åpnar 2 NT med tillegg og
3 § med
minimum. Videre etter 2 NT:
3 § = Sign-off i kløver.
3 ¨ = Utgangskrav med båe minor.
§
3©ª frå åpnar viser svak andre major,
og svarhanda melder no 3NT/5§ som stopp, 4§¨ for å vise ekstra lengd, 4©ª med renons (begge delar med
sleminteresse), og 4NT som naturleg invitt.
§
3
NT frå åpnar viser solide majorfarger. Ny melding frå svarhanda er sleminvitt,
singel/renons viss 4©ª.
3 ©ª = Utgangskrav med kløverfarge,
styrke i den meldte fargen og normalt svak i andre major (unnteke med styrke i
båe og/eller styrke til å gå forbi 3 NT uansett). No går åpnar forbi 3 NT utan
kontroll i andre major. 4 kl er svakt, andre fargar kontroll.
3 NT = Invitthand
med kløver.
4 § = Sleminvitt, svak farge
(Kxxxxx eller verre).
4 ¨©ª= Renons,
sterk sleminvitt med kløver.
Viss
åpnar melder 3 §
(minimum) over 2 ª går
det slik:
Pass = Sign-off
eller invitthand med kløver.
3 ¨ = Utgangskrav med båe minor,
vidare som etter 2 NT – 3 ru.
3 ©ª = Som før.
3 NT = Mild
sleminteresse med kløver.
4 § = Sterk sleminteresse med
kløver. Åpnar slår av i 4 NT eller kontrollmelder.
4 ¨©ª = Renons,
sterk sleminvitt med kløver.
Etter 1
NT – 3 §
(sign-off eller utgangskrav(+) i ruter) melder åpnar alltid 3 ¨. Svarhanda fortset slik:
Pass = Sign-off (surprise!).
3 ©ª = Som før; svak andre major.
Viss åpnar ikkje kan melde 3 NT, slår han av i 4 ¨ eller kontrollmelder.
3 NT = Mild
sleminvitt.
4 ¨ = Sleminvitt, svak farge
(Kxxxxx eller verre).
4 ny = Renons,
sterk sleminvitt.
Etter 1
NT – 3 ¨
(invitthand med ruter) kan åpnar passe eller melde 3 NT. 3 ©ª viser som før svak andre major,
og svarhanda melder 3 NT eller 4 ¨.
Etter
innmelding er alle konvensjonar av, unnteke Gerber og Texas, som vi brukar
etter innmeldingar tom. 2 NT. Ny farge på 2-trinnet er naturleg og svakt, på
3-trinnet invitt. Overmelding benektar hold og viser 4-korts majorfarge, medan
hopp til 3 NT benektar så vel majorfarge som hold. 2 NT er Lebenshoel og krev 3
§ frå åpnar, no er ny farge under
innmeldingsfargen (1 NT – (2 ©) – 2 NT – (P); 3 § – (P) – 3 ¨) sign-off, overmelding viser
4-kortsfarge i andre major og hold i innmeldingsfargen og 3 NT benektar
majorfarge, men viser hold. (Huskeregel: melder 2 NT først med hold.) Ny farge
over innmeldingsfargen viser 5-kortsfarge og er utgangskrav.
Etter
innmelding i minor blir direkte overmelding Stayman utan hold, Lebenshoel og så
overmelding Stayman med hold.
Dobling
er eintydig negativ tom. 2 ª, og følgjer normale prinsipp. Etter høgare
innmeldingar, først og fremst frå 3 ©, viser dobling ”kort”, utan å
seie noko spesielt om fargelengder. Åpnar passar eller melder eigen farge.
Prøver
dei å ta oss, stikk vi av. Vi nyttar Nilsland-forsvaret.
Etter 1
NT – (X) er Pass krav til XX frå åpnar, medan XX frå svarhanda lover ein
5-kortsfarge, og åpnar kan melde 2 § for
å finne denne. Direkte melding viser den meldte fargen + den rett over. 2 © lover altså båe major, og kan
løftast av åpnar om motparten kjempar. 2 ª er
spar (sterkere enn XX fulgt av 2 ª), og
kan òg løftast. Av di 2 § viser båe minor er 2 NT ledig, og viser ei
sterk hand som ikkje passar til å spela 1 NT, normalt svært skeiv. Åpnar melder
naturleg.
Etter 1
NT – (X) – P – (P); XX – (P) er Pass lovnad om eit spennande spel, 2 § viser kløver og ein major (2 ¨ frå åpnar er eigen farge, 2 © ber om pass eller korrigering), 2
¨ viser ruter og spar, medan 2 © viser båe major (svakare enn 2 © direkte).
Etter 1
NT – (P) – P – (X) redoblar åpnar med eigen 5-kortsfarge (svarhanda spør med 2 § eller melder eigen god farge),
eller melder pass med jamnare fordeling. Etter pass viser XX frå svarhanda
eigen 5-kortsfarge (kan du gjette korleis åpnar melder?), 2 § er lågaste 4-kort eller
4-4-4-1 (blir 2 § dobla viser XX 4441), 2 ¨ er lågaste 4-kort, 2 © er 3-4-3-3 eller minst 4-4 i
major.
2 ¨ = 0-5 hp avslag, eventuelt
avventande med jamn hand.
2 ©ª = 6+ hp, 5-kortsfarge.
2 NT = 6+
hp, minst 5-4 i minor.
3 §¨ = 6+ hp, 5-kortsfarge (farleg
med 4-korts sidefarge i major).
2 ©ª = 5+-kortsfarge, svarhanda kan
passe med 0-2 hp og dårleg støtte.
2 NT = 22-24 hp, jamn hand. Vidare meldingar som etter åpning
2 NT.
3 §¨ = 5-kortsfarge, lover 4-korts
sidefarge (pga. multi). Her òg kan svarhanda passe med tilnærma blank hand.
3 ©ª = Fastset trumfen, ber om
cuebid. (Svarhanda bør ha 2-3 trumf for å kontrollmelde kortfarge.)
Etter 2 ©ª viser 2 NT 6+ hp og jamn hand, og
du kan ha støtte til fargen. Ny farge er 5-kortsfarge med 3-6 hp, enkel
støtte invitt med 2-3 hp, støtte med hopp 3-5 hp med støtte og balansert hand,
mens hopp i ny farge er splinter med 3-6 hp. Alt unnteke enkel høyning er
utgangskrav, og vidare meldingar er naturlege.
2 § – 2 ¨; 3 §:
3 ¨ spør etter sidefargen, med ruter
melder åpnar 3 NT.
3 ©ª er naturleg med minst
5-kortsfarge.
3 NT er
forslag til kontrakt utan major.
4 § er sleminvitt med balansert hand
(td. 6+ hp og jamn, der ein må melde 2 ¨ i
første runde).
4 ny er
splinter med støtte og litt poeng.
2 § – 2 ¨; 3 ¨
3 © spør etter sidefargen, med
hjarter melder åpnar 3 NT.
3 ª er naturleg med minst
5-kortsfarge.
3 NT
viser minst 5-korts hjarter.
4 ¨ er sleminvitt med balansert hand
(td. 6+ hp og jamn, der ein må melde 2 ¨ i
første runde).
4 ny er
splinter med støtte og litt poeng.
Her
melder vi naturleg, hopp frå åpnar fastset trumfen og ber om cue, ny farge utan
hopp er 5-kortsfarge. Hopp frå svarhanda er splinter.
3 ©ª frå åpnar viser 5-kortfarge,
svarhanda støttar på 3-kort eller slår av i 3 NT (iallfall i par).
3 §¨ kan vera på 4-kortsfarge, og
fastset trumfen. 3 ©ª frå svarhanda viser hold, og no
er 3 NT frå åpnar forslag til kontrakt medan alle nye fargar er cuebids. Viss
svarhanda høynar til 4 (2 § – 2 NT; 3 ¨ – 4 ¨) er dette sleminvitt med berre
møl i majorfargane. 3 NT er forslag til kontrakt, òg utan hold i major. Hopp
til 4 er splinter (kan vera singel).
Viss
mellomhanda doblar for å vise kløver, er XX frå svarhanda forslag til kontrakt
med minst 4 sterke kløver. Etter innmelding er X frå svarhanda utgangskrav med
6+ hp. Viss svarhanda passar er XX frå åpnar primært opplysande, det er berre i
Storås BK folk melder inn på 10xxxxx. Etter 2 § – svar og innmelding, er X frå åpnaren
straff, og pass krav.
Woodgrove
kan innehalde følgjande handtypar:
–
5-korts
majorfarge og 0-8 hp (ikkje 5-korts i andre major, ikkje 6-korts minor).
–
Utgangskrav
med minorfarge (6+ kort i fargen, ingen sidefarge).
–
Utgangskrav
i NT (25+ hp).
Prinsippet
for den svake varianten er at du ikkje skal ha ei invitthand mot ein 15-17-NT.
Dette tek svarhanda omsyn til når ho melder; det er ingen skam å passe ut 2 ©ª med 16-17 hp og dårleg tilpass!
Pass = Sjansar på at 2 ¨ er rett kontrakt, kan lønne seg
sjølv med td. 4-1 i
major, ettersom 5-1-tilpass ikkje
fristar. Dessutan melder motparten.
2 © = Avslag viss åpnar har svake
2 hjarter. Åpnar melder:
2 ª = Svake 2 spar
2 NT = 25-27-NT.
Vidare som etter åpning 2 NT.
3 §¨ = Utgangskrav med fargen.
3 NT = 28-29-NT.
4 NT = 30-31-NT.
2 ª = Avslag viss åpnar har svake
2 spar. Invitt/taktisk viss han har hjarter.
Vidare meldingar:
2 NT = 25-27-NT.
Vidare som etter åpning 2 NT.
3 §¨ = Utgangskrav
med fargen. Ny farge frå åpnar viser hold.
3 © = Svake 2 hjarter, minimum.
3 NT = 28-29-NT.
4 © = Svake 2 hjarter, maksimum.
4 NT = 30-31-NT.
2 NT = Lebenshoel.
Åpnar melder 3 § med svake 2, og svarhanda vil
spela 3
§¨, invitere til utgang med eigen
majorfarge (følgjer opp med 3 ©ª) eller sleminvitere med båe minor
(følgjer opp med 3 NT). Med sterkare hender melder åpnar:
3 ¨ = Utgangskrav
med ruter.
3 © = Utgangskrav
med kløver.
3 ª = 25-27-NT.
3 NT = 28-29-NT.
4 NT = 30-31-NT.
3 § = Minst invitt i fargen åt
åpnaren, som melder:
3 ¨ = Hjarter.
Vidare er 3 © invitt, 3 NT og 4 © spelemeldingar, 4 §¨ naturleg sleminvitt og 3 ª sleminvitt i hjarter.
3 © = Spar. Vidare er 3 ª invitt, 3 NT og 4 ª spelemeldingar, 4 §¨ naturleg sleminvitt og 4 © sleminvitt i spar.
3 NT = 25-27 hp, grandhand.
4 §¨ = Utgangskrav med fargen.
3 ¨ = Sperr i fargen åt åpnar.
3 ©ª = Naturleg utgangskrav med
minst god 5-kortsfarge. 3 NT viser svake 2 med kortfarge (0-1) i svarfargen, 4
ny er cuebid.
3 NT = Spelemelding
mot svake 2, uaktuelt mot sterkare hender.
4 § = Sperr med båe minor, åpnar
vel farge.
4 ¨ = Sperr i fargen åt åpnar.
4 ©ª = Spelemelding.
4 NT = 4-ess
Blackwood.
Når åpninga
blir dobla viser pass frå svarhanda litt ruter. Har åpnar sjølv minst 4 ruter
prøver han å spela 2 ¨ dobla. Utan ruter melder han majorfargen sin
med minst 4 kløver, og redoblar elles. Redoblinga viser altså maks 3-3 i major,
og derfor (normalt) litt i den andre majorfargen.
Etter
dobling redoblar svarhanda for å få åpnar til å melde fargen sin, 2 ©ª viser eigen 5-kortsfarge og 2 NT
er Lebenshoel som utan innmelding.
Etter 2 ©ª inn er dobling konvensjonelt med
litt kort. Med innmeldingsfargen passar åpnar (med 5-4 i major kan han vurdere
det om inmeldinga var i sidefargen òg). Eigen farge så lågt som mogleg (2 ª etter hjerter inn, 3 © etter spar inn) viser fargen og
minimum. 2 NT viser den ledige majoren, maksimum og hold i innmeldingsfargen.
Overmelding viser maksimum utan hold. 3 §¨ viser 4/5-kortsfarge, og om
svarhanda melder fargen åt åpnaren på 3-trinnet, er dette invitt.
Svarhanda
kan vise alle 5-5-fordelingar etter dobling av 2 ¨:
5-5 i ¨-§: Startar med pass, følgjer opp
med 3 § om
åpnar tek ut.
5-5 i ¨-©: Startar med pass, følgjer opp
med 2 NT om åpnar melder 2 ª.
5-5 i ¨-ª: Startar med pass, følgjer opp
med 2 ª om
åpnar melder 2 ©.
5-5 i §-©: Startar med XX, følgjer opp med
3 § over
2 ª.
5-5 i §-ª: Startar med XX, følgjer opp med
2 ª over
2 ©.
Åpninga
har same krav til fordeling som 1 NT, styrke 20-21 hp. Svara er slik:
3 § = Puppet Stayman.
3 ¨© = Overføringar.
3 ª = Minst sleminvitt med minst
4-4 i minor.
4 § = Gerber.
4 ¨© = Texas.
4 NT = Kvantitativt.
5 §¨ = Spelemeldingar.
3 § spør etter 5-korts major. Med éin
eller to firekorts majorfargar melder åpnar 3 ¨, utan 4- eller 5-korts major melder han 3 NT.
Etter 3 ©ª er 3 NT frå svarhanda for spel,
og 4 NT er kvantitativt. Ny farge er cuebid, og med alle sleminteresserte
hender med trumfstøtte går vi derom. Enkel høyning viser støtte, men ikkje nok
til nokon slem.
Etter 3 ¨ melder svarhanda (med éin
majorfarge) 3 i den fargen ho ikkje har. Eks. 2 NT – 3 §; 3 ¨ – 3 ª
viser 4-korts hjarter. 3 NT er for spel, 4 NT kvantitativt. Etter 3 ©ª melder åpnar 3 NT utan tilpass,
høynar med tilpass og minimum, og kontrollmelder med tilpass og maks. Etter 2
NT – 3 §; 3 ¨ viser 4 §¨ frå svarhanda 4-4 i major. 4 ¨ er svakt, og ber berre åpnar velje
farge, medan 4 § er sleminvitt. Med tillegg melder
åpnar 4 ¨ som RKCB med hjarter, og 4 NT som
RKCB med spar.
Omtrent
som etter 1 NT, med 4-kortsfarge og tillegg kontrollmelder åpnar, elles
fullfører han berre overføringa.
Etter
overføring viser 3 NT frå svarhanda 5-kortsfarge og inga sleminteresse, 4 NT er
RKCB og ny farge er naturleg (minst 4-kortsfarge) og normalt litt
sleminteresse. Høyning er sleminvitt med 6-kortsfarge, og utan 4-korts
sidefarge. Med svakare kort brukar vi Texas.
Utan
4-korts minorfarge melder åpnar 3 NT, og no er 4 NT kvantitativt medan 4 §¨ viser 5-kortsfarge (og altså 5-4
i minor). Åpnar kontrollmelder med tilpass, eller slår av i 4 NT.
Òg når
åpnar viser 4-korts minor er 4 NT kvantitativt, men siktar sjølvsagt mot 6 i
minor. Med kliss minimum slår åpnar av. 4 ny er cuebid, og nødvendig for at 4
NT skal bli RKCB.
Ettersom
Multi inneheld svake variantar med 5-korts major, lover svake 2 alltid 6-kort.
Meldingane er ganske konstruktive med 7 eller 8 taparar, og honnørstyrken kan
vera spreidd.. NB: I 4. hand er det liten vits i å sperre, så der viser 2 ©ª 6-kortsfarge og 11-14 hp og 6
eller 7 taparar, med same svarsystem.
Ny farge= Naturleg krav.
2 NT = Krav,
åpnar melder slik:
3 § = Minimum styrke, minimum
farge.
3 ¨ = Minimum styrke, maksimum
farge.
3 © = Maksimum styrke, minimum
farge.
3 ª = Maksimum styrke, maksimum
farge.
3 NT = AKQxxx
Maksimum
styrke = 7 taparar, maksimum farge = to topphonnørar
3 ©ª = Sperr, skal alltid meldast
på 3-kortsfarge og lite poeng (jfr. Loven).
3 NT = Spelemelding
4 ©ª = Sperr/står. Skal meldast på
4-kortsfarge og lite poeng (jfr. Loven)
Resonnementet
er at motparten ikkje greier å doble deg likevel, og sidan det nautet av ein
makker aldri har kort, øydelegg eg ikkje for oss. Konklusjonen er at det meste
er lov når det gjeld sperremeldingar. I prinsippet skal ein ha 6-kortsfarge med
ein honnør eller to, men personleg initiativ og kreativitet er ikkje forbode. Spesielt
3 i minor lover ikkje mykje, 3 ©ª er normalt 7-kortsfarge, med di
vi brukar både multi og svake 2 for majorfargar.
Ny farge
på 3-trinnet er naturleg og krav, på 4-trinnet cuebid. 3 NT er spelemelding.
3
NT: Viser
gåande minor, utan sidestyrke. 4/5 § ber åpnar passe eller korrigere
til ruter. 4 ¨ ber
om kortfarge, utan dette melder åpnar 4 NT.
4 §¨ er Sydafrikansk Texas, og viser
svært sterke (maks ein taper) majorfargar, hjarter respektive spar. Det skal
vera minst 8 stikk i korta. Fargen over frå svarhanda er relé, og med 8 stikk
melder åpnar fargen sin. Med sterkare kort høynar han eitt trinn for kvart
stikk (kan vel ha opptil 10-11 stikk for åpninga). 4 NT er RKCB med den viste
fargen som trumf.
4 ©ª er langt svakare, men nokolunde
sunne sperremeldingar etter 4-3-2-regelen.
Åpning 5 ©ª viser 11 stikk, men manglar to
topphonnørar i trumf. Konvensjonen vart vonleg funne opp av ein som satt med
AJT9876, AKQJ, AK, -- og gjekk ei beit i 6 spar. Svarhanda legg på eitt trinn
for kvar topphonnør i trumf, dersom det skulle bli aktuelt.
Åpning 4
NT er etter Acol, og spør etter kva ess du har (åpnar har slike kort at det
ikkje er så mange til overs. Svar:
5 § = Ingen ess
5 ¨©ª= Esset
i den meldte fargen.
5 NT = To ess.
6 § = Kløver ess.
Vi
følgjer den italienske cuebidstilen, der 1. og 2.-kontoller blir melde om
kvarandre heile tida. Grunnprinsippet er at eit uvanleg hopp er cuebid, men
ofte er det meir spesifikt splinter; dette er omtala under kvar åpning.
Går du
forbi ein farge i ein cuebidsekvens benektar du kontroll der (eller viser
minimumshand dersom første cuebid var ein sleminvitt), medan nytt cuebid viser
kontroll òg i den fargen makker gjekk forbi. Hopp i ein cuebidsekvens viser
renons. (Er vel berre aktuelt etter åpning 2 §, elles får vi vel vist renonsar?)
4 NT det
ja. Svar:
5 § = 1 eller 4 ess.
5 ¨ = 0 eller 3 ess.
5 © = 2 ess utan trumf dame.
5 ª = 2 ess + trumf dame (eller
ekstra lengd, slik at du – men ikkje makker – veit at ho kan toppast ut).
5 NT = 1
eller 3 ess + ein renons.
6 under
trumffargen = 2 ess og renons i fargen.
6 i
trumffargen = 2 ess og renons i ein høgare farge.
Dersom vi
tidlegare i meldingsforløpet har vist ein kortfarge (NB: Her er det snakk om
singel eller renons), eventuelt meldt tre fargar naturleg, blir svara
slik:
5 NT = Eitt
ess + renons.
6 § = To ess + renons.
6 ¨ = Tre ess + renons.
Ny farge
på 5-trinnet er spørsmål etter trumfdama. Trumfen billegast mogleg benektar
denne, medan ny farge viser trumf dame + ekstra kontroll (normalt kongen). 5 NT
viser trumf dame, men benektar ekstra kontrollar.
Etter 4
NT er 5 NT storesleminvitt og viser at alle ess er på plass og trumfen tett. Ny
farge er òg storesleminvitt, og ber om hjelp i fargen.
Etter
åpning 1 og 2 NT, samt etter 1 X – 1 Y; 1/2 NT, er hopp til 4 § Gerber og spør etter ess.
Svarskala:
4 ¨ = 0 eller 4 ess.
4 © = 1 ess.
4 ª = 2 ess.
4 NT = 3 ess.
5 § er nytt spørsmål, denne gongen
etter kongar (Næh, er det det!). Same svarskala. Etter Gerber (uansett
om det er spurt etter kongar) er farge bortsett frå kløver forslag til
kontrakt. Åpnar passar eller korrigerer.
Sjelden
brukt, men kan td. vera aktuell etter sperreåpningar (såg eg seinast i vinter).
Konvensjonen går ut på at eit hopp til 5 NT i ein cuebidsekvens, eller direkte
over ei åpning, spør etter kvaliteten på trumfen. Med spar som trumf er svara
slik:
7 ª = AKQ
6 NT = To
topphonnørar
6 ª = A eller K
6 © = Q
6 ¨ = Ekstra lengd
6 § = Ingen ting.
Med andre
trumffargar blir skalaen komprimert, så med ruter står dette att:
7 ¨ = AKQ
6 NT = To
topphonnører
6 ¨ = A eller K
6 § = Ingen ting.
Dermed
blir konvensjonen meiningslaus med kløver som trumf.
Ei
dobling er litt grovt uttrykt opplysande så lenge makker berre har meldt pass,
og motparten ikkje har meldt utgang. Det enklaste først: Motparten åpnar, og vi
doblar. Det viser minst 3-kort i alle umeldte farger, minst 4-3 i major etter
minoråpning og minst 4 i den andre majoren etter majoråpning. Styrken er frå
10-11 hp med ideell fordeling (5440/4441). Unntak er fordelingshender med
16/17+ hp og/eller maks 5 taparar, samt jamne hender med 19+ hp, som vi kan
doble med uansett. Svara er naturlege:
Ny farge
utan hopp = 0-8 hp, normalt minst 4-kortsfarge.
1 NT = 6-10
hp, jamn hand, stoppar i åpningsfargen, ikkje 4-korts major.
Hopp i ny
= 9-12 hp, invitt. Kan vera 4-kortsfarge, men helst 5.
2 NT = 11-13
hp, invitt med (helst) dobbel stoppar i motpartens farge.
Overmelding
= Utgangskrav, uansett fordeling.
Vidare
blir det naturleg, melder åpnar ny farge etter 0-8-svar viser han sterke kort,
og melder han grand har han 19+ hp. Overmelding av motparten er sterkt,
bortimot krav til utgang.
Etter
opplysande dobling av svake 2-åpning, samt etter (1 ©ª) – X – (2 ©ª) brukar vi 2 NT som Lebenshoel,
se kapittel 4 om grandåpning. Viss makkeren åt åpnaren melder ny farge er
dobling negativt, med 4-kortsfarge i dei umeldte. Eit unntak: dersom den nye
fargen er med hopp (og såleis sperr), er dobling straff. Når motparten høyner
kvarandre er dobling frå svarhanda responsiv, og viser kort til å konkurrere
(styrke etter kor høgt vi er komne), men utan nokon farge å melde.
Melder
motparten, men ikkje makker, kan vi fortsetje å doble opplysande i fleire rundar.
Vi kan òg passe første gong, og så doble i neste runde. Da var vi anten for
svake til å doble første gong (spesielt aktuelt i balanseringsposisjon), eller
hadde ikkje passande fordeling.
Ei vanleg
innmelding, 1 over 1, viser 5-kortsfarge som tåler utspel og ca. 8-9+ hp. På
1-trinnet kan vi melde inn på ein sterk 4-kortsfarge. Ny farge frå svarhanda er
konstruktivt, men einaste krav er overmelding av åpningsfargen (og cuebids).
Alle høyningar av innmeldingsfargen er sperr, og det same er alle enkle hopp i
nye fargar. Hopp til 4-trinnet i ein minor er Splinter, hopp i major sperr.
Med
passande fordeling og styrke kan svarhanda melde grand, som ein invitt utan
støtte og med stoppar i åpningsfargen. (1 ¨) – 1
© – (P) – 1 NT vil vise omtrent
9-12 hp og solid ruter.
Når
motparten støttar kvarandre er dobling frå makker åt innmeldaren responsiv, og
viser litt kort utan noka god melding. Det er eitt unntak: Når motparten høynar
fargen sin eller sperremelder, slik at det ikkje er plass til å overmelde som
utgangsinvitt, tar doblinga over denne funksjonen. ((1 ¨) – 1 ª – (3 ¨/©) – X/3 ª, der
3 ¨© er sperr (er det naturleg er vi
ikkje sterke nok til nokon utgangsinvitt) er dobling invitt, medan 3 ª berre viser 4-kort og er kamp om
kontrakten.)
Når
makker melder inn og motparten dobler (anten negativt eller åpnar dobler som
support) viser redobling trekortsstøtte.
Innmeldingar
med hopp svarar til sperreåpningar, og skal passast. Utspel skjer normalt i ein
annen farge. J
Innmelding
1 NT viser (15)16-18 hp, og svarsystem er som vanleg. I siste hand viser 1 NT
ca. 11-14 hp, men vi brukar framleis det same svarsystemet.
Dette er
konvensjonane vi brukar for å vise tofargehender. 2 NT meldt med hopp viser
5-5-fordeling i dei to lågaste umeldte fargene, styrke frå ingenting og
oppover. Svarhanda nøyer seg vanlegvis med å invitere, men kan med svært sterke
kort melde 3 NT som stopp eller ny farge som naturleg krav. 4 i vist minorfarge
er utgangsinvitt.
Overmelding
av naturleg åpning viser 5-5-fordeling med den høgaste umeldte fargen og ein
farge til. Same styrke som 2 NT, dvs. Frå ingenting og oppover. Svarhanda kan
krevje med 2 NT, som er minst invitt. Med tillegg (6 taparar eller så) hoppar
innmelderen til 4 i den ukjende fargen sin.
Det gjer
vi ganske enkelt, 2 § inn er Landy, og viser båe major,
minst 4-4. Svarhanda vel farge, eller melder 2 ¨ for å la innmeldar velje. Andre innmeldingar
er ekte vare med gode femkortsfargar.
Dobling
viser styrke, frå ca. 15 hp. Makker skal kunne passe ned med frå 5-6 hp, så med
minimum bør dobler ha ein farge som produserer stikk. Elles brukar vi same
system som etter åpning 1 NT.
Vi spelar
i prinsippet norsk fordeling, men mot grand kan det lønne seg å spela noko litt
større (største/nest største) frå berre smått. Mot farge spelar vi alltid
fordeling. Heile tida såframt vi ikkje har nokon sekvens, sjølvsagt. Essutspel
mot grand ber om avblokkering!
Seinare i
spelet legg vi norsk fordeling, unnteke trumf. Der kastar vi vanlegvis nedafrå.
Legg vi høg/låg der viser det minst 3 trumf, og at vi kan få ei stjeling dersom
makker kjem inn att.
Lite kort
styrke, og det legg vi på alle utspel. Unntak: når dei honnørane makker ikkje
har ligg i bordet, td. utspill av A og QJ ligg i bordet. i slike tilfelle legg
vi fordeling. Med ess ut og Q 10 i bordet legg vi styrke.
Når
makker inne i spelet anten spelar eit lite kort (invitt frå honnør) eller
honnør (normalt frå sekvens) legg vi òg styrke. Første avkast er styrke, seinare
kastar vi fordeling, dersom vi trur makker har nytte av det.
Når
makker spelar ut ess mot slem legg vi styrke berre frå kongen!
Viss du
ikkje har noko, eller honnørar som du ikkje vil få gjennomspela, kan det lønne
seg å leggje styrke med berre møl, spesielt på essutspel.
Når vi
gjev makker steling legg vi Lavinthal for å vise kor vi (eventuelt) har inntak.
Det same gjeld når makker spelar ut ein singelton som blir stukken høgt på
bordet. I fall makker har eit inntak i trumf, legg vi Lavinthal for å vise
inntaket vårt, slik at makker kan få stelinga.
Ein annan
situasjon er når makker spelar ut ess og det ligg singelton i bordet (dette
gjeld sjølvsagt berre fargekontrakt), eventuelt sekvens med kongen på topp. Vi
bør finne ein ny farge, og vi legg Lavinthal.
Noko som
er aktuelt både mot farge og grand: makker spelar ut ein konge, og vi legg
styrke frå knekten. Han følgjer opp med esset, og viser såleis at han hadde
ess-konge blokk (einaste kombinasjon vi spelar ut kongen frå med ess-konge). No
lyt han skifte, så vi legg Lavinthal.
Viss vi i
ein Lavinthalsituasjon legg eit mellomkort det er vanskeleg å plassere, og
makker veit vi kunne lagt noko anna, er det eit ønske om å fortsetje fargen, vi
har ingen inntak og/eller skift vil koste stikk. Slike situasjonar er sjølvsagt
forferdeleg vanskelege å sjå, makker må vurdere kor truleg det er at vi har ein
farge det er ufarleg å skifte til (basert på meldingsforløpet og viste poeng).
Frå
sekvens spelar vi det høgaste kortet, òg frå indresekvens. På påkast kastar vi
nedafrå. Grensa for sekvens er 109, så med 9 spelar vi fordeling. Eitt unntak:
Med indresekvens 98 (altså H98(x+)) spelar vi 9. 9 ut er altså anten fordeling
(sjelden, frå HH9x lønner det seg å spela lite, 9-aren kan koste stikk) eller
frå indresekvens 98, og lover i så fall ein honnør. Dette kan vera viktig for å
fiske opp 10-aren eller knekten i bordet.
Frå
ess-konge spelar vi etter regelen esset (styrke frå dama og – mot trumf –
dobbelton). Med ess-konge blokk startar vi med kongen og følgjer opp med esset,
for å vise lengda (sjå 11.3 om Lavinthal).
Inne i
spelet spelar vi invitt får honnør. Det vil seie at spelar vi eit lite kort,
viser dette at vi har ein topphonnør (ess, konge eller dame). Når honnørane i bordet
viser at vi ikkje har eller kan ha noko, spelar vi fordeling uansett. Med td. A
K J i bordet spelar vi fordeling, om vi har dama eller ikkje er revnande
likegyldig for makker. Vi prøver å kombinere invittspela med fordeling, men
greier du ikkje det har invitt høgast prioritet!